top of page
Untitled
Heim: Welcome

PRESSESKRIV

Bygdemusikk frå Ørsta på Sunnmøre!

Det heile starta på ein bygdefest på Vatnevatnet i Åmdalen ein varm sommardag, med gitarspel og allsong til kjente coverlåtar.


Bandet blei fort ein suksess med egne låter, fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane.

Sjangeren er fengande bygdemusikk om fest og livet på bygda, og virkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by.

Crashville har på mange måter blitt eit ikon på skikkelig bygdefest-stemning.


Sommaren 2021 kom bandet ut med singelen «PØBEL», med påfølgande musikkvideo filma på det legendariske Esso-taket i Ørsta, rånarane på 80-90 tallet sin andre heim.

Låta og musikkvideoen fekk massiv oppmerksomheit blant alle som lika bygdemusikk, og rånerane trykte songen til sitt hjerte. Denne låta om PØBELEN blei bandets første store hit, og er ein stor årsak til at Crashville har blitt eit ettertrakta konsert og festivalband! 

På konsert med Crashville kan du forvente allsang, stor speleglede, bygdefest-stemning og eit lysshow det gnistrar av… 

Det er bare og la seg rive med!


Dette er gutar som elskar livet på bygda, traktorar og slitne gamle volvo 240’ar.

Når Crashville er ute på veien i sin svarte turnèbuss, er det «Pøblar på tur». 



Bandet består av:


Øystein Nybø

Magne Saure

 Ståle Dimmen

 Even Solheim

      Erlend Bjørneset



Heim: Bio
Heim: Instagram

KONTAKT

Follestaddalen 741, 6156 Ørsta

Tlf: 93875402

Organisasjonsnummer: 928 027 627

Crashville örn .png
Heim: Contact
bottom of page